
Under Sommarfestivalen 2025 i Vikedal dukka nok ein gong Kaptein Hjørnetann opp. For første gong i historia til denne figuren, som er skapt av Vikedal Ungdomslag, var det ei kvinneleg utgåve. Då kapteinen kom så fekk ho med seg barna på å finne skatten med gullpengar i. Alle barna fekk utdelt kvar sin gullpenge. Etter dette var det å finne ein person i bygda som har fått til noko positivt. Dette året hadde kapteienen plukka ut Johann M. Reinertsen, som er leiar for DriftsTeamet til Vikedal Bygdahus og Idrettshall. Han fann dei fort fram til, for så å føre han til enden på moloen slik at han blei kasta på sjøen. Etter dette kunne barna som ville det ta bilde saman med Kaptein Hjørnetann.

I år var det Johann M Reinertsen som blei kasta på sjøen. Kaptein Hjørnetann likar ikkje at folk får til positive ting.i bygda. Då blir ho sett i "skuggen".



