På Sommarfestivalen i Vikedal, som blei arrangert 6. juli 2024, kom endeleg Kaptein Hjørnetann tilbake på besøk. Han har ikkje vore i Vikedal på lenge men under festivalen så var han endeleg på plass igjen. Han var som vanleg på leit etter ein skatt som han fekk alle barna med seg på å finne. Det var ei skattekiste med gullpenger. Elles så pleier han alltid å finne personar som skal gå planken, og i år var det Jarl Magnus Lien, som har vore ein av drivkreftene bak Vikedal Pumptrack. Kaptein Hjørnetann likar ikkje at personar engasjerer seg positivt i bygda. Han vil heller at dei skal bli med som piratar på hans tokt. 
Vegar Blikra frå Vikedal er den nye skodespelaren i denne rolla. 
Kaptein Hjørnetann »

Facebook