Kaptein Hjørnetann er ein karakter som Vikedal Ungdomslag ved Svein Bjarte Holten og Nils Erik Eide har skapt. Han har vore fast innslag på Sommarfestivalen i Vikedal i over 15 år med ulike skodespelarar. Konseptet er enkelt, men populært for barna under hamnedagen på lørdagen. Her plukker VUL ut ein person frå Vikedal som har utmerka seg det siste året som Kaptein Hjørnetann skal tvinge til å gå planken. Han får hjelp av barna til dette og til å finne skattekista full av gullpengar, som Kaptein Hjørnetann og hans medhjelparar deler ut til ungane.


Svein Bjarte Holten spelte Kaptein Hjørnetann dei første åra 

 
Jarle Nes overtok etter Svein Bjarte Holten som Kaptein Hjørnetann


Olav Nes har spelt Kaptein Hjørnetann dei siste åra.


Vegar Blikra debuterte som Kaptein Hjørnetann sommaren 2024 og er vår nye mann i den rolla framover.  


Kaptein Hjørnetann på tokt 2016
Kaptein Hjørnetann og jakten på Moa 2017
Kaptein Hjørnetann på leit etter BC 2018
Kaptein Hjørnetann på jakt etter bygdas skytterkonge 2019

Facebook