Vikedal Ungdomslag er eit aktivt lag med ulike aktivitetar for store og små.
For dei eldste har me ei revygruppe som me kallar for "Port Salutt". Sidan år 2000 har denne gruppa laga fem revyar og me håpar det kjem fleire suksessrevyar framover også.
Me har utvikla eit konsept der store og små medlemmer kan få lov til å låna utstyr og øva. Dette har vore veldig populært; og me i Vikedal Ungdomslag vel å tru at me er med på å bidra til at ungdommen i bygda og bygdene rundt oss gjer det så bra på musikkfornten. I tillegg til dette, har ungdomslaget veldig bra utstyr til leige.
For dei aller minste pleier me å arrangera disko med ulike konkurransar og leikar i løpet av året.
Vikedal Ungdomslag er skaparane av den populære karakteren Kaptein Hjørnetann som dukkar opp under Sommarfestivalen i Vikedal kvart år.
Vidare har me har også etablert ei barneteatergruppe som me kallar for"Kinaputten". Dei har framført stykka "Atter ei Raudhette" og "Nisse på villspor" til stor suksess.
Me har eit godt samarbeid med Midtbygdens Ungdomslag, som er laget for dei som bur i Vikedalsdalen, saman med dei arrangerer me kvar haust ein PubQuiz, som har vist seg å vera veldig populært..
Elles er ungdomslaget vårt aktivt med på å skapa liv i bygda.
Ta gjerne kontakt med styret dersom du har tips eller anna du har lyst å medela oss.
Nils Erik Eide 21.07.1