Under fiskefestivalen i Vikedal i dag, måtte bygdas skyttarkonge gå planken og ut i det kalde vatnet. Kaptein Hjørnetann og hans medhjelparar Sigmann og Kortemann var ikkje nådige. Dei fekk først hjelp av mange oppmøtte barn til å finne ein skjult skatt med masse gullpengar. Så var dei med på å finne Bjørn Kjetil Skipevåg, som i fjor vann gull på ein av grenene under Landsskyttarstevnet. Takk til alle som møtte opp i dag, og me kan nesten love at Kaptein Hjørnetann også kjem til Vikedal til neste år.