Grasrotandelen gav pengar i kassen
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag fekk 5.277 kroner som grasrotmottakar i 2017. Me er særs glade for desse pengane og vil takka alle som har VUL som grasrotmottakar når dei tippar.
Sidan VUL blei grasrotmottakar i 2013 har laget fått inn heile 30.725 kroner. Dette er veldig bra, men me ønskjer sjølvsagt at fleire vel oss som grasrotmottakar og vil oppmoda alle medlemmer og andre til å leggja oss til. Pengane me får kjem bygda til gode gjennom aktivitetar og tilbod for barn, ungdom, vaksne og eldre...
Følg framgangsmåten ved å klikke på bildet i høgre marg eller klikk på dette bildet her:
GOD JUL FRÅ VUL!
- Detaljar
VUL fekk 100.000 kr i støtte frå Spirafondet
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag fekk heile 100.000 kr i støtte frå Etne Sparebank, Spirafondet. Desse pengane skal brukast til vidareutvikling av leikeplassprosjektet på Vikedal skule "Med hjarte på rette plassen". Me er veldig takknemlege for støtta og ser fram til enda meir aktivitet i bygda. Stina Golf førte pennen med søknaden, godt jobba til ho.
Her kan de sjå kven som fekk støtte frå Spirafondet i år:
Etne Klatreklubb - til større klatrevegg
Sandeid Ungdomslag - til lydutstyr og ny scene
Enge Bedehus - til ny heis
Vikedal Ungdomslag - "Med hjarte på rette staden", Nærmiljøanlegg
Etne Skyttarlag/Ølen Skyttarlag - oppgradering Fikse skytebane
PubQuiz m/FYK
- Detaljar
Sommardisko
- Detaljar
Vellukka jakt på Moa
- Detaljar
Under Sommarfestivalen i Vikedal (01.07.2017) arrangerte Vikedal Ungdomslag, tradisjonen tru, Kaptein Hjørnetann show. Dette året var det showet "Kaptein Hjørnetann og jakten på Moa" som gjekk av stabelen. Moa Hundseid er ei turglad jente frå Vikedal som har markert seg ute i verda med sine ekspedisjonar og deltaking på TV-programmet "Turjenter". Her kan du lesa meir om Moa.
Takk til alle barn og unge som stilte opp og var med på jakta. Det går rykte om at Kaptein Hjørnetann også kjem neste år. Kven skal gå planken då, mon tru:-)
Her er Moa Hundseid saman med Seigemann (t.v) og sjølvaste Kaptein Hjørnetann. Dei blei vener til slutt:-)
Kaptein Hjørnetann Show
- Detaljar