Årsmelding VUL 2017
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag gjennomførte årsmøtet for 2017 på Vikedal Bygdahus 5.mars 2018. Det var eit godt årsmøte med gode resultat og forslag.
Her kan du lesa årsmeldinga for 2017. Her kan du sjå kven som er i styret for 2018 i Vikedal Ungdomslag.
Grasrotandelen gav pengar i kassen
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag fekk 5.277 kroner som grasrotmottakar i 2017. Me er særs glade for desse pengane og vil takka alle som har VUL som grasrotmottakar når dei tippar.
Sidan VUL blei grasrotmottakar i 2013 har laget fått inn heile 30.725 kroner. Dette er veldig bra, men me ønskjer sjølvsagt at fleire vel oss som grasrotmottakar og vil oppmoda alle medlemmer og andre til å leggja oss til. Pengane me får kjem bygda til gode gjennom aktivitetar og tilbod for barn, ungdom, vaksne og eldre...
Følg framgangsmåten ved å klikke på bildet i høgre marg eller klikk på dette bildet her:
VUL fekk 100.000 kr i støtte frå Spirafondet
- Detaljar
Vikedal Ungdomslag fekk heile 100.000 kr i støtte frå Etne Sparebank, Spirafondet. Desse pengane skal brukast til vidareutvikling av leikeplassprosjektet på Vikedal skule "Med hjarte på rette plassen". Me er veldig takknemlege for støtta og ser fram til enda meir aktivitet i bygda. Stina Golf førte pennen med søknaden, godt jobba til ho.
Her kan de sjå kven som fekk støtte frå Spirafondet i år:
Etne Klatreklubb - til større klatrevegg
Sandeid Ungdomslag - til lydutstyr og ny scene
Enge Bedehus - til ny heis
Vikedal Ungdomslag - "Med hjarte på rette staden", Nærmiljøanlegg
Etne Skyttarlag/Ølen Skyttarlag - oppgradering Fikse skytebane